Parkering:
Alle parkeringsplassar som er knytt til alpinanlegga og turløypene på Harpefossen er avgiftsbelagt.
Parkeringsavgifta er kr 50,- pr. dag. Alternativt kan det kjøpast årskort for kr 500,-.
Parkering kan betalast på Vipps til Harpefossen Skisenter (Vippsnr. 133901), eller i billettluka på Harpefossen
På trafikkerte dagar er det ofte billettvakt som tek betaling.
Frivillig løypeavgift
Det er Harpefossen Skisenter som har ansvar for å preparere løypenettet i Hjelmelandsdalen og fjella rundt.
I tillegg til vedlikehald av eksisterande løypenett, vert det jobba for å utvide dette med nye trasear både i dalen og opp mot fjellet.
Om sommaren kan ein nytte dei 100 km med merka, graderte og skilta turløyper- og stiar med utgangspunkt frå Harpfossen.
Prisen er kr 300,- for enkeltpersonar og kr 500,- for familiar.
Løypeavgift kan enten innbetalast til kontonummer 3705.10.65426, betalast med VIPPS til Harpefossen Skisenter, Vipps nr. 133901, eller kjøpast i billettbua til Harpefossen Skisenter.
Utleige av Varmestova og Servicebygget på Furehogane
Varmestova på Harpefossen har 55 sitteplassar, videokanon/lerret og fullt utrusta kjøken, og passar godt til fest, konfirmasjon og møter.
På Furuhogane er det moderne lokalar med utsikt over heile Hjelmelandsdalen og fjella rundt. Lokala har kjøken/kiosk og serveringslokale med barløysning med plass for 25 personar. I 2. etasje er det møtelokale med flott utsikt over skiløypene, sitteplass for 12 personar og opplegg for videokanon.
Begge lokala har moderne ventilasjonssystem og trådlaust internett.
Prisliste:
Varigheit | Varmestova | Servicebygget |
---|---|---|
Ettermiddag/kveld | Kr 1.250,- | Kr 1.000,- |
Dag | Kr 1.750,- | Kr 1.500,- |
Vask | Kr 700,- | Kr 500,- |
Vilkår:
- Alt servise/dekketøy skal vere vaska opp og satt på plass
- Alt boss og tomgods skal vere fjerna frå lokala. Boss kan kastast i conteinarane nede med Tippabrua
- Platting og uteområde skal vere rydda og fri for boss
- Øydelagt inventar og service skal erstattast
- Kjøleskap skal vere tømt og reingjort
Dugnadsarbeid
Skisenteret er heilt avhengig av frivillig innsats for å kunne oppretthalde drifta og det vert kvart år lagt ned langt over 10.000 dugnadstimar i anlegget.
Det er Stårheim Idrettslag, Haugen Idrettslag og Harpefossen Hyttegrend som eig skisenteret, og det er eigarane og styret sitt ønskje at skisenteret i framtida skal gje laga økonomiske moglegheiter til å oppretthalde og vidareutvikle sine tilbod for born og unge. Ikkje berre når det gjeld vinteridrett, men også den andre aktiviteten som går føre gjennom året.
Når ein vert med på dugnadslaget på Harpefossen får ein kompensert for innsatsen i form av heiskort i skisenteret.
Alt etter kort mykje tid ein legg ned kan dette variere frå eit dagskort (to heisvaktar) til årskort for ein sjølv (10 vakter eller dugnadsøkter) eller heile familien (20 vakter eller dugnadsøkter).
Ta kontakt dersom du vil vere med å gjere ein innsats for skisenteret sommar eller vinter.
post@harpefossen.no
tlf 57 86 25 50