Plan og føresegner

Kommuneplanen sin arealdel 2015 – 2027 gjeld for heile kommunen og er heimla i plan- og bygningslova (pbl.) § 11-5. 

Føresegnene utgjer, saman med plankartet, den juridisk bindande delen av kommuneplanen sin arealdel. Dette inneber at Eid kommune gjennom arealdelen legg føringar for kva tiltak den enkelte kan gjere innanfor ulike område i kommunen.