Merka turløyper

På Harpefossen kan vi tilby eit løypenett som består av meir enn 100 km merka og skilta løyper og stiar. Det er laga illustrerte beskrivelsar av 15 turar for vandring, sykkel og ski av ulik vanskelighetsgrad i samband med løypene.

10 av turane startar frå Varmestova like ved parkeringsplassen når ein kjem til Harpefossen. 5 av turane tar utgangspunkt frå parkeringsplassen på Furehogane, om lag 2,5 km køyring lenger inn i Hjelmelandsdalen.

Løypenettet består av 37 stikryss og toppunkt med stadnamn og retningsskilt. Det er laga til turkart for nedlasting og turbeskrivingar med bilete som ligg ute på:

Nordfjord.no
Fjordnorway.com
Ut.no

Merkinga er utført i hht. til Den Norske Turistforening sin standard beskrive i «Merkehåndboka – Håndbok for tilrettelegging og merking av turruter i fjellet, skogen og langs kysten». Skiltinga er utført i hht. Innovativ Fjellturisme sin håndbok «Skilting og gradering av turløyper og andre aktivitetstilbod i naturen».

Last ned turkart her.

Kort beskriving av turane:

1. Rundtur Tippaskogen. 8 km - 2 t

Turen går delvis på den verna Trond-hjemske Postveg mellom Nordfjord og Sunnmøre, og over fleire gamle setervollar i Hjelmelandsdalen. Dette, og den gamle steinbrua over Ljosurelva og merke-steinane lags Postvegen, gjev turen eit kulturhistorisk tilsnitt. Dette er ein rundtur på grus- og skogsveg i relativt slakt skogs- og fjellbeitelandskap.

2. Rundtur Blåsvenyken og Lidavarden. 11 km - 4 t

Rundturen gir en mangfaldig oppleving; setermiljøa på Nakkesetra og Tippasetra, den fredelige Tippadalen, kneika opp til Blåsvednyken som nesten byr på klyving, storslagen utsikt mot Ålfotbreen i sør og deler av Sunnmørsalpene i nord, samt Nordfjorden og ned i Hjelmelandsdalen.

3. Rundtur Slåttefjellet. 9 km - 3 t

Slåttefjellet er ein topp med god utsikt i alle retningar, men samstundes ein lett topp å kome til heilt frå botnen av dalen. Denne rundturen går gjennom idylliske setremiljø, gjennom bjørk- og furuskog til høgfjellsterreng, for så å returnere gjennom den slake og fredelege Tippa-dalen.

4. Harpefossen til Fossane. 5 (9) km - 2 (3) t

Denne enkle turen går frå Harpefossen til Fossane som ligg rett i overkant av Nordfjordeid sentrum. På denne turen får ein mellom anna oppleve idylliske setremiljø, frodige dalar og høgfjellsterreng.

5. Rundtur Storegga. 7 km - 2 t

Lett tilgjengelig topp som likevel gjev euin luftig følelse og svært god utsikt i alle retningar. Passar fin som ettermiddagstur for å sjå sola gå ned i havet. Frå Storegga er løypa merka ned på nordsida rundt fiskevatna Storeggvatnet og Kjenndalsvatnet.

6. Furehogane til Bakke. 10 km 4 t

Turen går i fyrste halvdel i variert fjellterreng, medan siste halvdel ned mot bakke er på skogsbilveg. Innhaldsrik tur forbi mange fiskevatn, små fjelltoppar, lans elvar , fossefall, demneingar og den storslåtte naturen ned gjennom Kloven.

7. Rundtur Kloven. 14 km - 5 t

Turen går frå Harpefossen opp til Furehogane og vidare i variert fjellterreng over til Kloven og ned til Nesbakken kor ein fylgjer bygdevegar og skogsbilvegar tilbake til utgangspunktet på Harpefossen. Dette er ein innhaldsrik tur forbi mange fiskevatn, små fjelltoppar, langs elvar, fossefall og demningar og den storslåtte naturen ned gjennom Kloven. 

8. Furehogane til Sandegga. 6 km - 5 t (t/r)

Sandegga 1272 m.o.h. (Klakken) er ein av dei høgaste fjelltoppane i området, men likevel lett tilgjengelig med relativ slak oppstiging og ikkje noko form for klatring. Utsikta er spektakulær med utsyn fjorden, havet Sunnmørsalpane og breane, over mot den næraste fjelltoppen Felden og rett ned i Lauvdalen.

9. Rundtur Ljøsuregga. 9 km - 4 t

Ljøsuregga er den høhste toppen ein ser frå Hjelmelandsdalen. Trass spektakulære stup og egge over  til Store Toren på nordsida, er toppen relativt lett tilgjengelig frå vestvia Kjenndalen. Namnet på toppen kjem av at fjellet består stort sett av ur, men utsikta frå  toppen er vel verd turen.

10. Rundtur Brekkelida. 6 km - 2 t

Dette er ein typisk famlietur som kan gjennomførast i all slags ver, gjerne kombinert med sykkel. Mesteparten av turen går langs den idylliske Trondhjemske postveg, men med ein fin avstikkar rundt Brekkelida kor ein har flott utsikt over Hjelmelandsdalen.

11. Rundtur Krokane. 3 km - 0,5 t

Dette er ein flott ettermiddagstur eller ein koseleg familietur med små born. Turen går både på grusveg og barklagde stiar, og om vinteren er det preparert skiløype langs ruta.

12. Rundtur Grønelida. 7 km - 2 t

Dette er ein variert, men likevel enkel tur, som går både på grusveg, sti og i terrenget. På turen får ein oppleve idylliske setremiljø, hyttefelt og grøne lider. 

13. Rundtur Grimeskaret. 14 km - 5 t

Dette er den lengste turen som er merka frå Harpefossen,  og løypa innbyr til varierte naturopplevingar. Først gjennom setremiljø og gjennom den fredelege Tippadalen, vidare langs Fossevatnet over til det ville Grimeskaret kor ein finn idylliske fiskevatn, luftige stiar og grøne lider med beitande sauer høgt til fjells, før turen avsluttast langs postvegen.

14. Skisenteret rundt. 7 km - 2 t

Turen rundt skisenteret er ein relativt kort tur, men likevel med mange høgdemeter (500). Turen går opp til toppen av fjellheisen, kor det er god utsikt over dalen og fjorden, mens turen ned går via skitrekket på Furehogane og hyttegrenda.

15. Furehogane til Steinegga. 4 km - 2 t (t/r)

Frå vinterfeien til påske er det køyrt opp skiløype med trakkemaskin, men turen går i høgfjellet og du bør vere utrusta i forhold til vêr og føre. og vurdere både fjellski og utstyr i forhold til dårlig vêr.