Aktivitetar sommar

Jakt

Småviltjakt er tilgjengeleg på båe sider av Hjelmelandsdalen og fjellterrenget er spesielt flott for rypejakt. Informasjon om dette område og kjøp av jaktkort finn du her:

Merka turløyper

På Harpefossen kan vi tilby eit løypenett som består av meir enn 100 km merka og skilta løyper og stiar. Det er laga illustrerte beskrivelsar av 15 turar for vandring, sykkel og ski av ulik vanskelighetsgrad i samband med løypene.

Riding

Norsk Fjordhestsenter samarbeider i sommar med Harpefossen Skisenter om rideaktivitetar i Hjelmelandsdalen.

Du kan booke online her eller sende e-post til post@norsk-fjordhestsenter.no

Downhill sykling

På Furehogane kan vi tilby heisbasert downhillsykling i sommarhalvåret. Vi leiger også ut syklar og sikkerheitsutstyr. Ta kontakt for meir informasjon og bestilling.

Tursykling

Harpefossen er eit flott utgangspunkt for tur- og stisykling. Vi leiger ut syklar med hjelm på førespurnad. Ta kontakt for nærare informasjon og bestilling. 

Fiske

Det er fritt fiske i alle vatna i og rundt Hjelmelandsdalen som ligg sør for fylkesgrensa, dvs. i Sogn og Fjordane. Det er også fritt fiske i Hjalma nord for Espe. På sørsida av Espe er elva lakseførande og fiskekort kan kjøpast på sportsbutikken Chatlet på Nordfjordeid. Meir informasjon om laksefiske i Hjalma finn du på eige Facebookside: