Langrenn

På Harpefossen er det eit variert og godt tilbod for langrenn med både lysløype og turløype som blir preparert for klassisk og skøyting.

Lysløype
Med utgangspunkt i parkeringsplassane ved Tippabrua, hyttefeltet eller skiskyttarstadion har ein direkte tilgang til lysløypa som er ei rundløype på 3 km. Denne er preparert i 5 meters bredde med eit klassisk spor. I lysløypa er også ein meir kupert trase i 5 meters bredde med skøytespor som vert nytta i samband med skiskytingsarenaen. I løpet av dei siste to åra har lysløypa blitt betydelig oppgradert med betre drenering og eit lag med bark/flis på løypetraseane.

Turløype i dalen
Inn gjennom dalen er det ei rundløype på 8 km preparert i 5 meters bredde med eit klassisk spor. Løypetraseen går på veg og kan preparerast på lite snø ved hjelp av rull. Det vert også preparert langrennsløype på Mørvegen som er ein 2 km turveg som går på sørsida av Hjalma frå Espe til Harpefossen og  heng saman med rundløypa Tippaskogen-Postvegen.

Turløype på fjellet
Frå og med vinterferien vert det preparert turløype (utan spor) frå toppen av Kjenndalsheisen til Steinane. Man kan nå denne løype ved å ta Kjenndalsdalsheisen til topps, evt. gå opp på sida av alpinløypene.

Løypekart
Her får du oppdatert informasjon om preparering av langrennsløypene: Skisporet.no

Frivillig løypeavgift
Det er Harpefossen Skisenter som har ansvar for å preparere løypenettet i Hjelmelandsdalen og fjella rundt. I tillegg til vedlike­hald av eksisterande løypenett, vert det jobba for å utvide dette med nye trasear både i dalen og opp mot fjellet. Om sommaren kan ein nytte dei 100 km med merka, graderte og skilta turløyper- og stiar med utgangspunkt frå Harpfossen.  Prisen er kr 500,- for enkeltpersonar og kr 1 000,- for familiar. Årskorta kan kjøpast i billettbua til Harpefossen Skisenter. Løypeavgift kan også innbetalast til kontonummer 3705.10.65426 eller VIPPS nr. 133901.