Velkomen til nye nettsider for Harpefossen!

Nettsidene våre var etterkvart prega av å vere litt utgått på dato, så vi har ei stund sett behovet for fornying av både design og innhald. No er vi så heldige at det fins gode krefter lokalt for å hjelpe oss med dette, så da var valet enkelt. Det er designbyrået Byrr som har laga dei nye sidene. Geir Kroken har vore prosjektleiar og Eirik Føleide har utvikla sidene i WordPress.
Vi takkar Fellesnemnda for Stad kommune og Nordfjordeid  Næringshage for økonomisk støtte til arbeidet.

DEL DETTE INNLEGGET

Share on facebook
Share on google
Share on twitter
Share on linkedin
Share on pinterest
Share on print
Share on email