Turistløypa er ferdig og teken i bruk!!

Turistløypa går på austsida av heisane. Den startar på Lystlihogen og går gjennom fleire svingar nedover til den går saman med Høgebakkløypa, som kjem frå Furehogane, og endar på toppen av skileikområdet og Enerskiheisen. Løypa er ca 1000 meter lang, og er utbygd med lys og snøproduksjon.
Det har vore gjort ein kjempeinnsats av dugnadsgjengen som har arbeidd med dette prosjektet kveldar og helgar heile sommaren og hausten.
 
Profil av løypa
Rune Espe og Anders Engeland med breie smil på opningsdagen. Begge har lagt ned ein fantastisk innsats med bygging av denne løypa

DEL DETTE INNLEGGET

Share on facebook
Share on google
Share on twitter
Share on linkedin
Share on pinterest
Share on print
Share on email