Spleiselag for ny løypemaskin.

Ei løypemaskin som er spesielt tilpassa langrennsløyper har lenge stått på ønskelista på Harpefossen. Utfordringa har vore økonomi og finansiering. Ei pent brukt maskin har ein pris på i overkant av 1 mill kroner.
Sist haust tok nokre eldsjeler tak i dette, og klarte å  få på plass finansiering gjennom  eit spleiselag mellom diverse aktørar på Harpefossen, sponsorar,  gåver og spelemidlar.

Maskina blei bestilt, og var på plass i løypene i januar. Tilbakemeldingane frå brukarane har så langt vore svært positive.

Vi har eit lag av frivillige som delar på køyringa, i samarbeid med tilsette i skisenteret.

Den frivillige løypeavgifta er eit kjærkome tilskot til å dekke driftskostnader. Dei som har lyst til å bidra kan gjere det ved å betale inn eit beløp på Vipps nr 133901, Harpefosen Skisenter.

Deltakar i spleiselaget:

Kvernevik AS
Unu AS
Segel AS
Eide Fjordbruk
Lefdal Invest
Balsnes Bygg
Geir Olav Ytrehus
VA-Nett
Abri Invest
Ottar Kaldhol
Haugen Idrettslag
Stårheim Idrettslag
Harpefossen Hyttegrend AS
Hjelmelandsdalen Utmarkslag
Harpefossen Hyttegrend Vel
Spelemidlar.

DEL DETTE INNLEGGET