Skiskule på Furehogane 22. januar

Harpefossen Skiskule tilbyr kvart år skileik og slalåmtrening for nybyrjarar og vidarekomne barn i alderen 6-10 år. Skulen går over 5 onsdagar i januar/februar  frå kl 13.00 til kl 15.30, med ein pause undervegs.

På grunn av snømangel i lavlandet har skiskulen blitt utsett ei veke, og inntil vi får snø i lavlandet blir skiskulen flytta til Furehogane. Der vil vi nytte området opp til mast nr 2, som ikkje er brattare eller meir krevande enn skileikområdet nede på Harpefossen. Det blir frammøte i Servicebygget på Furehogane onsdag 22. januar frå kl 12:00.

Frammøte
Vi har møtestad med registrering av frammøte og utdeling av startnummer i Servicebygget, nedst i bakken på Furehogane. Ver gjerne tidleg ute, særlig om du skal leige skiutstyr. Skiutleiga er i kjellaren i Varmestova nede på Harpefossen.

Vi vil være tilstade i området frem til kl. 16.00, slik at henting kan skje frem til då (vi reiser ikkje frå området før alle born er henta). Foreldre som kan være tilstades på skiskulen er hjertelig velkomne, spesielt dei som har barn som er nybyrjarar.

Utstyr
Det stillast ikkje krav til spesielt skiutstyr, men i skisenteret er det påbod om bruk av hjelm for alle barn. Vi har eit utval av ski til utleige i skiutleiga. Hjelm kan lånast gratis.

NB! Vér- og føreforbehold. Vår erfaring er at somme av og til gløymer å ta med seg vottar/hanskar på skiskulen.
Derfor ei påminning: Hanskar/vottar må medbringast.

Program 2020

22.01.2020
Mål – klare å bruke heisen  på Furehogane (nybyrjarar) – plogsving, svingteknikk og portkøyring (vidarekomne)

29.01.2020
Mål – stå på ski ned bakken på egen hand (nybegynnarar), svingteknikk og løypekjøring (vidarekomne)

05.02.2020
Mål – meistre plogsving (nybegynnarar) løypekjøring, kular og hopp

12.02.2020
Mål – boltre seg i bakken, med kuler, hopp og løyper

26.02.2020
Mål – avsluttande skiskule, løypekjøring – grilling i bakken.

Skulepengar
kr 850,- (inkl. heis og grillmat) betalast kontant ved registrering eller på nettbank til kontonr. 3705 10 65426 eller VIPPS nr. 133901 (merk innbetalinga med navn på skiskuledeltakar). Registreringsskjema fylles ut på førehand og leverast i varmestova ved frammøte.
Skjema kan du kan du laste ned her.

Spørsmål eller kommentarar sendast
Harpefossen skiskule
v/Jarle Tor Åsebø.
E: post@harpefossen.no
T: +47 41 33 57 86

 

DEL DETTE INNLEGGET