Skiskule for born 6 – 10 år startar onsdag 11. januar kl 13:00

Harpefossen Skiskule tilbyr kvart år skileik og slalåmtrening for nybyrjarar og vidarekomne barn i alderen 6-10 år. Skulen går over 5 onsdagar i januar/februar  frå kl 13.00 til kl 15.30, med ein pause undervegs.
Frammøte:
Vi har møtestad med registrering av frammøte og utdeling av startnummer i Varmestova, nedst i bakken på Harpefossen.. Ver gjerne tidleg ute, særlig om du skal leige skiutstyr. Skiutleiga er i kjellaren i Varmestova nede på Harpefossen.
Vi tek sikte på at på ein av skiskuledagane skal vi vere på Furehogane, slik at både elevar og foreldre/føresette skal bli kjende med dette anlegget også. Dette kjem vi tilbake til undervegs.

Vi vil være tilstade i området frem til kl. 16.00, slik at henting kan skje frem til då (vi reiser ikkje frå området før alle born er henta). Foreldre som kan være tilstades på skiskulen er hjertelig velkomne, spesielt dei som har barn som er nybyrjarar.

Utstyr
Det stillast ikkje krav til spesielt skiutstyr, men i skisenteret er det påbod om bruk av hjelm for alle barn. Vi har eit utval av ski til utleige i skiutleiga. Hjelm kan lånast gratis.

NB! Vér- og føreforbehold. Vår erfaring er at somme av og til gløymer å ta med seg vottar/hanskar på skiskulen.
Derfor ei påminning: Hanskar/vottar må medbringast.

Program 2023

11.01.2023
Mål – klare å bruke Enerskiheisen og Tautrekket (nybyrjarar) – plogsving, svingteknikk og portkøyring (vidarekomne)

18.01.2023
Mål – stå på ski ned bakken på egen hand (nybegynnarar), svingteknikk og løypekjøring (vidarekomne)

25.01.2023
Mål – meistre plogsving (nybegynnarar) løypekjøring, kular og hopp

01.02.2023
Mål – boltre seg i bakken, med kuler, hopp og løyper

08.02.2023
Mål – avsluttande skiskule, løypekjøring – grilling i bakken.

Skulepengar
kr 1 000,- (inkl. heis og grillmat) betalast kontant ved registrering eller på nettbank til kontonr. 3705 10 65426 eller VIPPS nr. 133901 (merk innbetalinga med navn på skiskuledeltakar). Registreringsskjema fylles ut på førehand og leverast i varmestova ved frammøte.
Skjema kan du kan du laste ned her.

For å vere førebudd på antalet deltakarar vil vi hjerne ha ei påmelding på førehand til Harpefossen Skiskule,  tlf 41 33 57 86  (Jarle)     e-post: post@harpefossen.no

Spørsmål eller kommentarar sendast
Harpefossen skiskule
v/Jarle Tor Åsebø.
E: post@harpefossen.no
T: +47 41 33 57 86

DEL DETTE INNLEGGET