Fin start på skiskulen!

Sjølv om veret ikkje har vore det beste dei to fyrste dagane på skiskulen, har oppmøtet og stemninga vore svært bra. Ca 65 born mellom 6-10 år  er med i år, ca 1/3 av dei må  reknast som nybegynnerar. Vi har 5-6 flinke instruktørar, og sjølv om mange av nybegynnerane kunne trenge enda meir  1-1 hjelp dei fyrste dagane, er vi etter dag to komne så langt at dei aller fleste meistrar heisen og nedfarten på eigen hand.

DEL DETTE INNLEGGET