Skibuss frå Nordfjordeid til Harpefossen.

I samarbeid med Din Bustad, Alti Nordfjord og Mowi Norge blir det sett opp skibuss til Harpefossen på onsdagar i tida framover.
Bussen går frå Myklebuståsen kl 11:30 og køyrer rute med stopp som vist på kartet. I tillegg blir det stopp ved Circle K og Vest Energiteknikk på Haugen. Bussen er på Harpefossen til åpningstid kl 12:00.
Retur frå Harpefossen kl 16:00.
Pris kr 50,- opp til 17 år, kr 100,- for dei som er 18 år og eldre.
Vi legg til rette for at at dei som ønskjer det, kan oppbevare skiutstyret på Harpefossen til neste gong det skal brukast.
Skiutleiga vil vere open for dei som treng leige utstyr.
Vi vil gjerne ha påmelding til Vidar, tlf 416 41 501, e-post vidar@harpefossen.no

DEL DETTE INNLEGGET