Sporet – som viser status på langrennsløypene våre – gjekk frå å vere ei teneste som var gratis for brukarane, til ei betalt teneste framfor denne sesongen.
Brukarane må no registrere seg, logge inn og betale kr 149,- pr år til Skiforeningen i Oslo – ikkje til Harpefossen Skisenter – for å bruke denne tenesta. Vi synes ikkje dette er ei god løysing, så vi tek no i bruk ei gratisløysing, Løyper.net, som ikkje kostar noko for brukarane og ikkje stiller krav om innlogging. Sporet vil fortsatt fungere for dei som ønskjer det, men vi ser gjerne at folk brukar Løyper.net, og heller betalar ein sum til oss i frivillig løypeavgift.
