På Harpefossen har vi eit stort og variert løypenett for dei som likar å gå på langrennski og turski nede i dalføret, eller bakover i fjellet. Kvart år legg vi ned mykje arbeid og økonomiske midlar i vedlikehold og drift av dette løypenettet. Flising og drenering av løypene i dalføret, skilting og merking av turløypenettet i fjellheimen rundt Harpefossen i sommarhalvåret. Trakking av løypenettet både nede i dalen og bakover i fjellet i vintersesongen. Det meste av arbeidet blir gjort på dugnad, men våre tilsette brukar også ein god del arbeidstimar på desse løypene, og det går mykje økonomiske midlar til drift og vedlikehold av løypemaskina.
Vi er takksame for alle som kvart år støttar dette arbeidet ved å betale frivillig løypeavgift, og vi håpar at enno fleire vil gjere det. Bruk gjerne Vipps til Harpefossen Skisenter, Vipps nr 133901. På førehand takk!