
I påska er alle heisar åpne 10:30-16:00 kvar dag frå laurdag 9. april til måndag 18. april.
Opning av Familieløypa (Turistløypa) søndag 20. mars
Løypa blei teken i bruk i januar, og no er det klart for offisiell opning søndag 20. mars. Dette vil foregå midt i løypa fra kl 1200 – 1300, med grilling av hamburger og servering av kake. (gratis)😊. Alle som møter fram og registrerer seg, vil vere med i ei trekning der 3 heldige vinnarar […]
Spleiselag for ny løypemaskin.
Ei løypemaskin som er spesielt tilpassa langrennsløyper har lenge stått på ønskelista på Harpefossen. Utfordringa har vore økonomi og finansiering. Ei pent brukt maskin har ein pris på i overkant av 1 mill kroner. Sist haust tok nokre eldsjeler tak i dette, og klarte å få på plass finansiering gjennom eit spleiselag mellom diverse aktørar […]
Skidag for born fredag 25. februar
Stad kommune og Harpefossen Skisenter spanderar heiskort på alle som går på barneskulane i Stad kommune fredag 25. februar.
Opningstider i vinterferievekene
I veke 8 er heisane ope kvar dag 10:30-16:00 Kveldskøyring som vanlig. I veke 9 er heisane opne onsdag, torsdag og fredag 10:30-16:00. Kveldskøyring som vanlig. Open kafe i Varmestova og på Furehogane. Open skiutleige i Varmestova.
Opning av heile anlegget laurdag 5. februar.
Vi har fått ein god del snø siste dagane, og jobbar no for å opne heile anlegget laurdag 5. februar. Alle heisar opne laurdag og søndag 10:30-16:00. Fine forhold i langrennsløypene, den nye trakkkemaskina gjer ein glimrande jobb både til skøyting og klassiske spor.Vi kjem til å ha ope i skiutleige og kafeear, men oppmodar […]
Turistløypa er ferdig og teken i bruk!!
Turistløypa går på austsida av heisane. Den startar på Lystlihogen og går gjennom fleire svingar nedover til den går saman med Høgebakkløypa, som kjem frå Furehogane, og endar på toppen av skileikområdet og Enerskiheisen. Løypa er ca 1000 meter lang, og er utbygd med lys og snøproduksjon. Det har vore gjort ein kjempeinnsats av dugnadsgjengen […]
Fin start på skiskulen!
Sjølv om veret ikkje har vore det beste dei to fyrste dagane på skiskulen, har oppmøtet og stemninga vore svært bra. Ca 65 born mellom 6-10 år er med i år, ca 1/3 av dei må reknast som nybegynnerar. Vi har 5-6 flinke instruktørar, og sjølv om mange av nybegynnerane kunne trenge enda meir 1-1 […]
Støtt våre sponsorar, dei støttar oss.
Coop Extra ligg i kjøpesenteret Alti på Norfjordei. Dei har støtta oss på Harpefossen i mange år. Kontaktinfo og kart finn du her.
Sommaraktivitetar på Harpefossen 2021
Harpefossen er eit flott utgangspunkt for turar og aktivitetar også i sommarhalvåret. Les meir om dette her: