Sesongopning laurdag 7. desember 2024.

Vi har nytta dagane med minusgrader godt, og fått produsert  ein del kunstsnø. I tillegg har vi fått noko natursnø siste tida, så vi kan  tilby brukande forhold i langrennsløypene.
Det er meldt vekslande verforhold med  mildver og regn siste veka i november, og litt kaldare ver fyrste veka i desember, så vi planlegg for å opne delar av anlegget laurdag 7. desember.
Vi minner om at nettbutikken er open for salg av sesongkort og familiepakkar med 10% rabatt fram til julafta.  Perfekt gåve til heile eller deler av familien!

DEL DETTE INNLEGGET