Harpefossen Skiskule tilbyr kvart år skileik og slalåmtrening for nybyrjarar og vidarekomne barn i alderen 6-10 år.
Skulen går over 5 onsdagar i januar/februar frå kl 13.00 til kl 15.30, med ein pause undervegs.
Harpefossen Skiskule tilbyr kvart år skileik og slalåmtrening for nybyrjarar og vidarekomne barn i alderen 6-10 år. Skulen går over 5 onsdagar i januar/februar frå kl 13.00 til kl 15.30, med ein pause undervegs.
Måla er:
Å gje barna skiglede ved å meistre grunnleggjande alpin skiteknikk i eit sosialt godt miljø plogsving, skrenssving, stopp, og ikkje minst å lære seg å bruke barneheisen i skileikområdet. Vidare vil det øvast på portkøyring, hopp og ”kuleløype”
Frammøte
Vi har møtestad med registrering av frammøte og utdeling av startnummer i Varmestova, nedst i bakken på Harpefossen.. Ver gjerne tidleg ute, særlig om du skal leige skiutstyr. Skiutleiga er i kjellaren i Varmestova nede på Harpefossen.
Vi tek sikte på at på ein av skiskuledagane skal vi vere på Furehogane, slik at både elevar og foreldre/føresette skal bli kjende med dette anlegget også. Dette kjem vi tilbake til undervegs.
Vi vil være tilstade i området frem til kl. 16.00, slik at henting kan skje frem til då (vi reiser ikkje frå området før alle born er henta). Foreldre som kan være tilstades på skiskulen er hjertelig velkomne, spesielt dei som har barn som er nybyrjarar.
Utstyr
Det stillast ikkje krav til spesielt skiutstyr, men i skisenteret er det påbod om bruk av hjelm for alle barn. Vi har eit utval av ski til utleige i skiutleiga. Hjelm kan lånast gratis.
Program 2026
14.01.2026
Mål – lære plogsving, prøve å bruke Enerskiheisen og Tautrekket (nybyrjarar) – svingteknikk og portkøyring (vidarekomne)
21.01.2026
Mål – stå på ski ned bakken på egen hand (nybegynnarar), svingteknikk og løypekjøring (vidarekomne)
28.01.2026
Mål – meistre plogsving (nybegynnarar) løypekjøring, kular og hopp
04.02.2026
Mål – boltre seg i bakken, med kuler, hopp og løyper
11.02.2026
Mål – avsluttande skiskule, løypekjøring – grilling i bakken.
Skulepengar
NB! Pris for skiskulen: I år får vi støtte til denne skiskulen frå Gjensidigestiftelsen og Sparebank1 Sogn og Fjordane, slik at vi kan tilby gratis skiskule (inkl heis og grillmat siste skuledag) for alle i aldersgruppa 6-10 år. Vi vil også tilby skiutstyr til leige til ein svært rimelig pris.
Skjema kan du kan du laste ned her.
For å vere førebudd på antalet deltakarar vil vi gjerne ha ei påmelding på førehand til Harpefossen Skiskule, tlf 41 33 57 86 (Jarle) e-post: post@harpefossen.no
Spørsmål eller kommentarar sendast
Harpefossen skiskule
v/Jarle Tor Åsebø.
E: post@harpefossen.no
T: +47 41 33 57 86

