Sesongstart 9. januar, informasjon om smittevernstiltak

Vinteren har lete vente på seg, men i dag, 9. januar er vi  klare for å starte opp sesongen.
Denne sesongen vil bli prega av at vi enno er inne i ein pandemi. Vi har fått god hjelp av bransjeorganisasjonen vår med å leggje til rette for at gjestene våre skal føle seg trygge når dei besøkjer skisenteret.
Det vil vere dei reglane som vi no etter kvart kjenner godt som vil gjelde også på Harpefossen:

  • Hald minst 1 meter avstand
  • Vask hendene ofte
  • Nys og host i albogekroken.
  • Hald deg heime om du ikkje er frisk.

    Dei viktigaste tiltaka våre:
  • God skilting med oppmoding om å overhalde reglane.
  • Leggje til rette for god hygiene med gode tilhøve for vask og desinfisering av hendene.
  • Auka reinhald i Varmestova og Servicebygget.
  • Vask og desinfisering av utstyr som har vore leigd ut.
  • Det vil vere litt redusert kapasitet i Varmestova og Servicebygget, slik at vi kan overholde krav om 1 meter avstand.
  • Heisvakter vil hjelpe dei som ber om det, men vi reduserer kontakt så mykje som råd.
  • Ein person på t-kroken, unntak for familemedlemmer
  • Vi oppmodar alle om å kjøpe  heiskort på nett for å unngå kø i billettbua. Kjøp heiskort her

DEL DETTE INNLEGGET

Share on facebook
Share on google
Share on twitter
Share on linkedin
Share on pinterest
Share on print
Share on email