Sesongen er slutt. Takk for denne gongen!

Våren har teke overhand på Harpefossen, og ein sesong vi ser tilbake på med blanda kjensler er slutt.
Sesongen har vore prega av lite snø, både i låglandet og i fjellet. Dette har ført til mindre besøk enn normalt, særlig i dei viktigaste periodane, som er juleferien, vinterferien og påskehelga. Vi har hatt mange opningsdagar, 95 i talet, og lagt ned mykje arbeid for å skape så gode forhold som råd, både i nedfartar og turløyper. Det er derfor grunn til å rette ein stor takk til alle dei som har stått på dag og natt med snøproduksjon, preparering, vedlikeholdsarbeid, vakter i heisar kaféar og skipatrulje. Stor takk også til våre trufaste gjester, sponsorar og andre  samarbeidspartnarar.
Vi minner om at Harpefossen også i sommarhalvåret er eit glimrande utgangspunkt for turar både i dalføret og i fjellheimen på begge sider av dalen.

DEL DETTE INNLEGGET

Share on facebook
Share on google
Share on twitter
Share on linkedin
Share on pinterest
Share on print
Share on email