|
Ubedne gjester på kontoret |
|
lørdag 02. februar 2008 |
|
I garasjen vår har vi eit kombinert kontor/pauserom som ber preg av at det stort sett er karar som står for den daglege drifta av skisenteret. Sist veke var driftsleiar Oddgeir fråverande på kurs eit par dagar, og i løpet av desse dagane har ubedne gjester herja på kontoret, slik, at Oddgeir hadde vanskar for å kjenne seg igjen då han kom tilbake.
Dei ubedne gjestene hadde tydeligvis herja og styra på i fleire timar, vaska og støvsugd, rydda og flytta på møblar, og kasta ut alt rot og rask som vi har samla opp i løpet av mange år. Kalenderen frå 2002 med den fine dama var bytta ut med ein kjedelig oversiktskalender for 2008. Hybelkaninene, som har levd trygt og godt utan naturlege fiendar, var utrydda, her var komen duk på bordet, potteplantar og lysestakar, og blitt rett og slett trivelig. Vi ber om at dei ubedne gjestene står fram, eller om tips frå andre som veit noko om dette, slik at vi kan seie takk for hjelpa og kanskje kjøpe ein blomekvast til dei ubedne, men velkomne gjestene.
|