|
Rapport til taubanetilsynet |
|
onsdag 09. januar 2008 |
|
Når det skjer hendingar og ulukker som medfører personskade i heisar eller maskiner i alpinanlegg, tilseier rutinane at både taubanetilsynet og politiet skal varslast om hendinga. Dette blei sjølvsagt gjort etter avsporinga sist søndag, der ein person blei skadd då wiren datt i bakken. Styret i skisenteret har nøye gått gjennom det som skjedde og oppsummerar hendinga i ein rapport som no er sendt Taubanetilsynet.
Tiltak
Den direkte årsaka til ulukka var at hjulet på masta kom ut av posisjon. Det vert no i samråd med Taubanetilsynet (DNV) vurdert ekstraordinære tiltak for å sikre at hjula på mastene ikkje kan kome ut av posisjon. Alle andre master i anlegget vert også gått over og undersøkt før anlegget vert satt i drift igjen.
Den indirekte årsaka til ulukka var at fleire medbringaren vart slept i forkant av ein mast som er plassert på ein kul og det dermed er stort press på wiren akkurat her.
Avsporing skjer nærast dagleg når det er stor utfart, og er nesten utan unntak forårsaka av hopping / sikk-sakk køyring i heisen eller avstiging utanom merka stadar.
Heldigvis kom ikkje personen alvorleg til skade, og skadane på heismasta er reparert. Det viktigaste no er å hindre at slikt kan skje igjen, og vi gjennomfører fleire tiltak for å hindre dette:
• Betre merking med skilt av dei stadene det er avstiging, samt oppsetting av nett for å forhindre avstiging utanom desse anviste stadene.
• Oppslag ved påstiging av heisane om at sikk-sakk køyring og hopping i heisen, og køyring utan bakre fot laus på brett er strengt forbode (er skilta i dag) og at brot på desse forskriftene vil medføre inndraging av kort (nytt). I tillegg til at bakre fot laus vert sjekka ved påstiging vil det no også verte kontroll ved avstiging.
• Informasjon på oppslag i anlegget, samt på heimeside og i media for å bevisstgjere brukarane på riktig oppførsel i heisen, samt å melde frå om brot på reglane.
• Fleire vakter oppe i bakkene og langs heistraseen.
• Aldersgrense på 8 år for å fylgje fjellheisen inntil det har komet meir snø i traseen
Heile rapporten til Taubanetilsynet kan du lese her
|