|
Avsporing på Lystlihogjen |
|
søndag 06. januar 2008 |
|
I ettermiddag opplevde vi at den eine fjellheisen spora av i masta på Lystlihogjen, med det resultatet at wiren datt i bakken. Ein person i heisen blei treft i hovudet og skuldra av wiren, og fekk lettare skade og ei trasig oppleving. Vi veit ikkje nøyaktig kva som var årsaka til denne hendinga, og er interesserte i å kome i kontakt med folk som såg kva som skjedde. Ta gjerne kontakt med Oddgeir på telefon 916 94 333.
Vi vil gjerne nytte høvet til å kome med ei sterk oppmoding til alle om å slutte med sikksakk-køyring, hopping og husking under heisturen, då det ofte er sånne aktivitetar som er årsaka til avsporing.
|