|
tirsdag 01. januar 2008 |
|
Kontaktliste ajourført 12.12.2011
Vaktliste sesongen 2011-2012, ajourført 12.02.2011
Prosedyre Enerskiheisen (Toplift)
Prosedyre for dei to miniheisane (Pony-lift)
Prosedyre for dei to fjellheisane (H-heis, vest, J-heis, aust)
Prosedyre for parkeringsvakter
Arbeidsinstruks preparering, ajourført 29.12.2009
Prosedyre for skipatruljen 22.12.2009
For å lette arbeidsdagen for dei som har takka ja til å ta på seg vaktoppdrag i skisenteret, enten som heisvakter, parkeringsvakter, skipatrulje eller preparering, har vi laga prosedyrer og arbeidsinstruksar som vi ber alle lese igjennom framfor vakta si.
Vi vil så langt det er råd prøve å få til ei rullering av arbeidsoppgåvene for heisvaktene, så det er ein stor fordel om alle som skal ha heisvakt på førehand set seg inn i prosedyrene som er er utarbeida for kvar av heisane.
Kjenndalsheisen på Furuhogane vil vere open på dagtid i helgane, jula, vinterferievekene og påska. Heisvakter i kursiv har vakt i trekket på Furuhogane. Desse møter opp på Furuhogane. Det er normalt sett ikkje billettsalg og parkering på Furuhogane.
Trafikken og aktiviteten er spreidd over eit stort område, så det er viktig at vi er til stades, og at vi opptrer på ein måte som er gjennkjennelig og skapar tillit.
Skisenteret er heilt avhengig av frivillig innsats for å kunne oppretthalde drifta og det vert kvart år lagt ned langt over 10.000 dugnadstimar i anlegget.
Det er Stårheim Idrettslag og Haugen Idrettslag som eig skisenteret og det er eigarane og styret sitt ønskje at skisenteret i framtida skal gje laga økonomiske moglegheiter til å oppretthalde og vidareutvikle sine tilbod for born og unge. Ikkje berre når det gjeld vinteridrett, men også den andre aktiviteten som går føre gjennom året.
Nytt i år er at vi har fått utvida og planert øverste svingen og kneiken i Høgebakkløypa, samt at vi har sprengt og planert i heistraseeen på Hammaren i Fjellheisane.
Alpepass-samarbeidet med felles heiskort med Stryn, Strandafjellet, Sykkylven, Stordalen, Ørsta, Volda Skisenter og Ørskogfjellet Skisenter vert vidareført også i år.
|