Untitled Document
KLIKK FOR MEIR INFO
Framside
Løyper og heisar
Billettprisar og opningstider
Skiutleige/skiverkstad
Vinteraktivitetar
Skiskule
Kontakt oss
Dugnadsarbeid
Vaktliste og prosedyrer
Marknadsplassen
Varmestova
Vêrmelding
Vérstasjon


Om Harpefossen Hyttegrend
Harpefossen Hyttefelt
Furuhogane Hyttefelt
Naustdalsetra Hyttefelt


Kalender
feb søn 05 @11:00 - 14:00
Krinsrenn skiskyting, fellestart
feb tir 07 @18:00 - 19:30
Alpintrening
feb ons 08 @13:00 - 15:30
Skiskule
feb tor 09 @18:00 - 19:30
Alpintrening
feb fre 10 @18:00 - 20:30
Alpinkurs for damer

Get Adobe Flash player
Føremelding søndag

søndag 05. februar 2012

I dag kan vi melde om lette snøbyer, 3-4 minusgrader og nokre få cm nysnø. Alle heisar i drift og alle nedfartar og løyper er nypreparerte. Fine forhold og fint skiføre, men ein del vind og dårlig sikt oppe i fjellet, så det er ikkje køyrt løype bakover i fjellet i dag. Fellestart skiskyting på skiskyttarstadion.

-->
Dramatisk tur på Sandegga
fredag 06. august 2010
p8010102.jpg
Sist søndag var vi 13 små og store som møtte på Furuhogane klar for tur bakover fjellet til Steinegga og Sandegga, og evt. ein tur på Felden for dei med klatrelyst.

Vermeldingene var ikkje dei beste, men det var lovt betre ver og sol utpå ettermiddagen. Turen gjekk opp i Kjenndalen og vidare opp til Kringlevatnet. Her må ein gå i ein forhaldsvis bratt ut ur nokre hundre meter langs vatnet før ein byrjar på ei slak og fin oppstiging mot Steinegga. Oppe på skaret er det flott utsikt mot Storetoren, Lisjetoren og Bjørkedalen.

Etter matpausen på Steinegga kom regnveret. Størstedelen av turfølget valde difor å snu tilbake, mens 4 fortsatte mot toppen. Sandegga er ein lett topp å gå på, men med luftig utsikt ned mot Laurdalen og Felden. På veg tilbake kom skodda og begge turfølga mista retninga i området Steinegga/Ljøsurvatnet mot Kjenndalsnakken. Etter kvart letta skodda noko og vi fann kvarande, og kunne gå samla ned i skaret mellom Kjenndalsnakken og Ljøsuregga mot Kjenndalen. Dette er en vesentleg betre rute enn den som er merka i turboka via Kringlevatnet. I tillegg til den erfaringa viste denne turen svært tydeleg behovet for merka stiar bakover i fjella mot Ljøsuregga/Steinegga/Sandegga/Felden. Det hadde også vore ein stor fordel om det var lettare å gå i ura ved utløpet av Kjenndalsvatnet.  Ein bør også merke/opparbeide ein sti som slynger seg på tvers av terrenget frå hytta i Kjenndalen og opp i skaret mot Ljøsurvatnet slik at det ikkje vert so bratt opp-/nedstiging. Til tross for litt dramatikk var alle samde i at det hadde vore ein fin tur.

 
< Forrige   Neste >

Faste opningstider:
Laurdag og søndag:
10:30 - 16:30
Tysdag, torsdag og fredag: 
17:30 - 20:30 





bookinglogo_transp.gif
alpepass_blaa.jpg 
8 skisenter - meir enn 30 heisar 
over 60 nedfartar
 

 hovudsponsor_gronn.jpg

sparebanklogo_transp.gif
 
sponsor_gronn.jpg
 sfe.gif  
 
yit.gif

logo_europris.jpg

eid_elektro_180.jpg 


Bunnpris

Coop Mega

 nordrikk_logo 2008-150pix.jpg

statoillogo_transp.gif

morelaftlogo.jpg

logo_dvergsdal.jpg

bickfoto4.jpg 

grasrotandelen_logo_rgb_125.jpg
Du kan støtte oss ved å registrere Harpefossen
Skisenter AS som mottakar av grasrotandelen
når du tippar.  Les meir her