|
fredag 02. juli 2010 |
Her er ein del av turfølgjet på veg opp frå Tippastra. Vi ser dei har med seg stakar for å merke råsa.
Harpefossen er eit glimrande utgangspunkt for turar i fjellet også om sommaren. Både på sørsida og nordsida av dalføret fins det fjelltoppar med flottt utsikt. Sjølv om mange brukar området flittig, vil vi gjerne at fleire skal bli kjende i området, og derfor vil vi merke stiar og arrangere turar med kjentmann i sommar. Den fyrste turen gjekk no sist søndag med Jon Balsnes og Ørjan Haugland som turleiarar.
Ruta er nemnt i turboka for Eid kommune og er på sørsida av dalen.
Om lag 20 personar var med. Med utgangspunkt i Harpefossen gjekk turen via Tippasetra, Fjellslåka, Smålidene, Smålidtjønna, Lidafjellet, Blåsvednyken, Tippaskaret, Nakkesetra, Harpefossen. Frå Tippaskaret er det kort veg sørover mot Fossane. Sjå fleire bilete ved å klikke på les meir

Matpause på Blåsvednyken
Turen inneheld fine naturopplevingar. Frå Lidafjellet er det god utsikt vestover Nordfjorden, og frå Blåsvednyken, 909 m. o.h., eit panorama austover mot Hornindalsvatnet. Ruta er delvis markert, men blir endeleg oppmerka i juli/august.
Neste tur i regi av ”Sommaraktivitet i Hjelmelandsdalen” går til Storetoren på nordsida av dalen 25. august.
Bileta er tekne av Jon Balsnes.

Oversikt over Furuhogane med ein del hytter under oppføring. Vi ser at heishuset til den nye Kjenndalsheisen er i ferd med å reise seg, og at heistraseen/vegen er planert heilt til topps.
|