|
kr 5.000,- til Marthe og Bjarte |
|
lørdag 29. mai 2010 |

Frå venstre: Marthe Bjørhovde, Ester Anny Skrede i Sparebanken S&Fj og Bjørn Kjørstad. Bjarte Solvang hadde dessverre ikkje høve til å vere til stade.
På Harpefossen har vi hatt ein konkurranse i Alpinorientering gåande det meste av sesongen, i samarbeid med Sparebanken Sogn og Fjordane. Konkurransen har gått ut på å finne postar som har vore plassert ut rundt om i alpinanlegget, og svare på spørsmåla på desse postane.
Vi har no kåra vinnarane av konkurransen. Ein vinnar blei trekt ut mellom alle som hadde svara rett på alle oppgåven. Dette blei Bjarte Solvang frå Svelgen. Han fekk eit gåvekort på kr 5.000 frå G-Sport Måløy. Den andre vinnaren var den som hadde svart rett på alle oppgåvene og hadde flest turar med heisane gjennom sesongen. Dette var Marthe Bjørhovde frå Haugen. Ho er registrert med nærare 500 turar i billettsystemet gjennom sesongen, og blei den lukkelige mottakar av eit gåvekort på kr 5.000 frå Chatlet Sport. Ho kunne fortelje at ny sykkel og miniski stod øverst på ønskjelista når gåvekortet skulle brukast.
Vi kjem sikkert til å gjenta denne konkurransen den komande sesongen, og med litt betre marknadsføring trur vi at mange fleire kjem til å delta i denne familievenlege konkurransen, ikkje minst på grunn av dei rause premiane.
|