Untitled Document
KLIKK FOR MEIR INFO
Framside
Løyper og heisar
Billettprisar og opningstider
Skiutleige/skiverkstad
Vinteraktivitetar
Skiskule
Kontakt oss
Dugnadsarbeid
Vaktliste og prosedyrer
Marknadsplassen
Varmestova
Vêrmelding
Vérstasjon


Om Harpefossen Hyttegrend
Harpefossen Hyttefelt
Furuhogane Hyttefelt
Naustdalsetra Hyttefelt


Kalender
feb søn 05 @11:00 - 14:00
Krinsrenn skiskyting, fellestart
feb tir 07 @18:00 - 19:30
Alpintrening
feb ons 08 @13:00 - 15:30
Skiskule
feb tor 09 @18:00 - 19:30
Alpintrening
feb fre 10 @18:00 - 20:30
Alpinkurs for damer

Get Adobe Flash player
Føremelding søndag

søndag 05. februar 2012

I dag kan vi melde om lette snøbyer, 3-4 minusgrader og nokre få cm nysnø. Alle heisar i drift og alle nedfartar og løyper er nypreparerte. Fine forhold og fint skiføre, men ein del vind og dårlig sikt oppe i fjellet, så det er ikkje køyrt løype bakover i fjellet i dag. Fellestart skiskyting på skiskyttarstadion.

-->
Vinnarane i fotokonkurransen er kåra
tirsdag 13. april 2010
fotokonkurranse_nr1.jpg

Juryen hadde ei vanskelig, men trivelig oppgåve å plukke ut dei beste bileta i fotokonkurransen. Vi fekk inn ca 100 flotte og varierte bilete. Alle er blitt nøye vurderte av den ubestikkelige juryen, som har bestått av Steinar Engeland (formann), Jarle Tor Åsebø og Stein Bjørhovde. Vi enda opp med 6 bilete som vi gjerne vil premiere. Her kan du sjå vinnarbileta og lese juryen si grunngjeving for kåringa.

fotokonkurranse_nr1.jpg
Klikk for stort bilete

Nr 1 Fjellheimen
Her er vinnarbiletet. Fotograf Svein Hjelmeseth, teke frå Steineggja.

Ein serie på fire bilder av Svein Hjelmeseth.
Vi har valgt bilde «Fjellheimen» som det aller beste. Ein fantastisk fin
dag på  fjellet.   Flott komposisjon og godt handverk, der han på ein god måte har fått
fram  dimensjonane i fjella og forholda rundt Harpefossen.
Han får sesongkort  i skiheisane for komande sesong som premie.


fotokonkurranse_nr2.jpg
Klikk for stort bilete

Nr 2  Spor i nysnøen
Fotograf:  Tonje Larsen.  
Reint og fint bilde med god komposisjon og historie.
Dette er nok spora etter den første heldige  som med skia på
ryggen har labba seg til topps, for så å setje utføre på ein jomfrueleg tur i puddersnøen.
Vi gratulerar med weekendkort i heisane som premie!


fotokonkurranse_nr3.jpg
Klikk for stort bilete

Nr 3: Folk i farta
Fotograf Stig Silden har vore «tett på» motivet og gjeve oss
 følelsen av å vere med på det som skjer. Eit «gladbilde».
Det utslagsgjevande er den flotte kontrasten mellom den raude buksa
 og den  knallblå himmelen. Med eit betre utsnitt kunne dette vore ein vinnar.
Premie: Sesongkort parkering komande sesong

 


fotokonkurranse_nr4.jpg
Klikk for stort bilete

Nr 4: Hyttegrenda
Fotograf Robert Haugan har gjort oss  som ikkje har hytte på
Harpefossen skikkeleg misunnelege!
Dette er vel draumen:  Ei fin og koseleg hytte som ligg lunt og
trygt inn mellom dei kvite snødynene, tett opp til vintereventyret.
Flott komponert bilde!
Premie: Valfritt hettegenser elle fleecejakke i skishopen vår.

 


fotokonkurranse_nr5.jpg
Klikk for stort bilete

Nr 5: Edderkoppdama
Dette var festleg: «Edderkoppdama» -  Fotograf Roger  Gulestø skapar illusjonen av 6 bein her ...
Dette viser kva det heile handlar om -  ekte skiglede!
Premie: Valfritt hettegenser elle fleecejakke i skishopen vår.

 


fotokonkurranse_nr6.jpg 
Klikk for stort bilete

Nr 6 : Over skyene....
Fotograf Nikoline Lillestøl-Moltu.
Frå toppen av skitrekket, der vi skodar ut over skoddeheimen, med  dei stolte
fjella i sør som ragar i det fjerne.
Ordtaker stemmer nok det ... «Over skyene er himmelen alltid blå»,
spesielt på Harpefossen! Flott komposisjon.
Premie: Valfritt hettegenser elle fleecejakke i skishopen vår.

Alle bileta er publiserte i eit fotoalbum som du finn her...


 
< Forrige   Neste >

Faste opningstider:
Laurdag og søndag:
10:30 - 16:30
Tysdag, torsdag og fredag: 
17:30 - 20:30 





bookinglogo_transp.gif
alpepass_blaa.jpg 
8 skisenter - meir enn 30 heisar 
over 60 nedfartar
 

 hovudsponsor_gronn.jpg

sparebanklogo_transp.gif
 
sponsor_gronn.jpg
 sfe.gif  
 
yit.gif

logo_europris.jpg

eid_elektro_180.jpg 


Bunnpris

Coop Mega

 nordrikk_logo 2008-150pix.jpg

statoillogo_transp.gif

morelaftlogo.jpg

logo_dvergsdal.jpg

bickfoto4.jpg 

grasrotandelen_logo_rgb_125.jpg
Du kan støtte oss ved å registrere Harpefossen
Skisenter AS som mottakar av grasrotandelen
når du tippar.  Les meir her