|
Roleg avslutning på ei fin påske |
|
tirsdag 06. april 2010 |

Parkeringsvakter og billettørar slappar av etter ei hektisk påske.
Frå venstre Olav Botn, Berit Engeland, Asgeir Bakke og Bente Manseth Solheim
Etter ei påske med litt varierande vêrforhold, blei siste påskedagen i går solrik og fin. Vi merkar at vi har bak oss ein lang sesong med mange fine skidagar, så frammøtet i går bar nok litt preg av at suget etter snø og ski er ikkje like stort lenger.
Forholda i løypene er bra enno, så vi vil halde ope også komande helg. Skulle det vere skular som enno ikkje har avvikla skidag denne vinteren, så er det berre å ta kontakt. Vi opnar gjerne heisane for besøk denne veka.
Når vi summerar opp besøkstala for påska har vi god grunnn til å vere fornøgde. Statistikken viser ca 38.000 personturar i fjellheisane og Enerskiheisen tilsaman, frå palmelaurdag til 2. påskedag. I fjor var tilsvarande tal berre ca 10.500, medan vi i rekordpåska 2008 oppnådde tett på 50.000 turar.

Sjeldan vi har hatt så fine forhold i bakken 2. påskedag.
|