|
fredag 26. mars 2010 |
|

Harpefossen toppar ikkje lenger lista over skisenter med mest snø i landet, slik vi gjorde for ei veke sidan. Men fortsatt har vi rikelig med snø både oppe i fjellet og nede i lavlandet, med ei kraftig sole kunstsnø i botnen og store haugar med kunstsnø i reserve, om det skulle minke somme stader, så vi er klare til å ta imot alle som ynskjer å bruke påska til aktivitetar på ski eller snøbrett. Både alpintrasear og turløyper vil bli preparerte daglig, og vi reknar med å køyre løype bakover i fjellet til Steineggja frå laurdag og etter behov utover i påska. Dei litt spesielle snøforholda denne vinteren gjer at fortsatt må advare om snøskredfare i bratte skråningar. Vi minner om konkurransen i alpinorientering som varer til over påske og sjanse til å vinne flotte premiar, og om fotokonkurransen der det også er sett opp fine premiar
Lista med aktivitetar i påska er lang: : Alpinorientering, bigjumpkonkurranse, lagsmeisterskap i paralellslalom, skicrosskonkurranse, Telenorrenn alpint, igloobygging, akekonkurranse med servering og afterski i gapahuken, afterski med mannekengoppvisning og show med Holmen Motor på varmestova, og i tillegg til alt dette så vil nok påskeharen vise seg daglig.
|