|
Trakkemaskin tatt av ras i Kjenndalen |
|
søndag 14. mars 2010 |
|
Kl 15:30 søndag ettermiddag vart ei trakkemaskin frå Harpfossen Skisenter tatt av snøras i Kjenndalen. Arvid Remme var sjåfør og driftssjef Oddgeir Åsebø var med i maskina som vart ført 50 meter nedover i raset og nesten fullstendig begravd. Arvid så raset komme og fekk i siste liten gjett beskjed til Oddgeir om å lukke vindauget i det raset trefte maskina med stor kraft. Alt vart svart då raset trefte. Men då maskina stoppa opp 50 meter lenger ned, kunne dei skimte ei stripe dagslys øvst i glaset på den nedste døra. Ved å grave unna snøen med henda fekk dei etter mye strev opp døra. I og med at mobildekninga er svært dårleg i Kjenndalen, måtte Arvid bevege seg oppover i raset for å varsla skisenteret om å sende mannskap og maskin for å få fram att den begravde maskina.
Stian Remme og Kim Inge Myhre frå skipatruljen var saman med Jon Balsnes, Vidar Haugland og Stein Bjørhovde frå skisenteret med på å grave fram att maskina. Dei hadde også med seg skredvarslarar slik at alle kunne jobbe med relativ stor tryggleik i området kor det framleis er stor rasfare.
Det har kome enorme mengder snø dei siste døgna og det har gått ein rekkje andre ras i fjellet bak skisenteret. Alle frårådast no på det sterkaste å bevege seg i bratt og sørvendt terreng. Alle som er i fjellet bør absolutt ha på seg skredvarslar og utstyr, samt ha kunnskap om korleis dette skal nyttast.
Sjå fleire bilete i fotoalbumet her
|