|
onsdag 28. november 2007 |
|
Bli med på laget!
Skisenteret på Harpefossen baserar i stor grad drifta på dugnadsinnsats. Vi har alltid bruk for fleire personar til å dele på arbeidet, og vi oppmodar alle interesserte til å bli med oss på laget og gjere ein innsats for skitilbodet på Harpefossen. Vi kan tilby eit trivelig og sosialt miljø i eit skisenter som er inne i ein spanande utviklingsperiode.
Drifta av skiheisane, preparering og snøproduksjon er organisert av skisenteret. Vi har bruk for heisvakter og folk til billettluka i helgane og vakter til snøproduksjon på kveld- og nattestider. Vi har også bruk for fleire til å køyre prepareringsmaskiner. Alle desse vaktene blir kompenserte med frikort i skiheisane.
Drifta av varmestova og parkeringsplassane blir organisert av idrettslaga til Haugen og Stårheim. Her har ein bruk for kioskvakter og parkeringsvakter i helgane, i vintereferien og påskeferien. Innsatsen du legg ned i dette arbeidet vil vere med å styrke økonomien til idrettslaga, og gjere laga i stand til å vidareføre og styrke aktivitetstilbodet til ungdomen i heile kommunen.
Ta kontakt med oss her...
|