|
Stor aktivitet på Harpefossen i helga |
|
onsdag 10. februar 2010 |
|

Vi går mot ei ny helg med mykje liv og aktivitet her på Harpefossen. Haugen IL alpingruppa inviterar til fartsfest med SuperG konkurransar i alpinløypene både laurdag og søndag. Konkurransane er opne for klassar 10 år og eldre, med start klokka 11.00 begge dagar. Konkurransane tel som kvalik til Hovudlandsrenn og Landsfinale. Etter at desse renna er ferdige begge dagar blir det laga til eit storslalomrenn for 9 år og yngre.
På skiskyttarstadion arrangerar Stårheim IL og Heggjabygda IL kretsrenn i skiskyting på søndag med god deltaking.
Ellers blir det høve til å vere med på litt meir sosiale aktivitetar i løpet av helga, med akekonkurranse i skileikområdet laurdagskvelden og afterski med quiz og stor OL-stemning på varmestova både fredag og laurdag.
Det er meldt litt meir snø i løpet av onsdag og torsdag, men frå fredag ser det ut til at vi går mot endå ei helg med mykje fint vinterver og flotte forhold i løyper og nedfartar.
|