|
Kjempefine forhold i bakkar og løyper! |
|
tirsdag 12. januar 2010 |
|

Vi har hatt ein periode på fleire veker med ideelle forhold for snøproduksjon, og har fått produsert store mengder kunstsnø. No i helga har vi hatt pause i produksjonen for å få planert utover snøhaugane, så no kan vi tilby flotte forhold i skileikområdet,ved miniheisane og i hovudtraseen opp til mast nr 6 / 7, det vi seie ca 1000 meter lengde frå Varmestova. Til helga vil alle heisar vere i drift, og meldingane tyder på at vi får enno mange dagar med fint vinterver, så det fins mange gode grunnar til å ta turen hit!
Vi kan også melde om kjempefine forhold både i den 8 km lange rundløypa Tippaskogen - Sevlandsetra - Postvegen og i lysløypa.
|