|
Måneskinnstur til Sevlandsetra |
|
tirsdag 01. desember 2009 |

Vi har køyrt løype langs postvegen innover til Sevlandsetra, og der er skiføret nokolunde bra, sjølv om snølaget er for tynt til å legge spor. Det er fullmåne i disse dagar og fantastisk flotte og lyse kveldar. Kvifor ikkje ta ein skitur på Sevlandsetra på ein slik kveld?
I alpintraseane har vi dessverre for lite snø til å køyre trakkemaskiner eller opne heisar enno. Det er heller ikkje meldt noko særlig nedbør dei komande dagane, men dette kan endre seg fort, så vi har ikkje gjeve opp håpet om nokre fleire snøbyer føre helga.

Måneskinn over Naustdalsetra tidlegare i kveld.
Klikk for stor bilete
|