|
Nytt vertskap på Varmestova |
|
tirsdag 13. oktober 2009 |
|

Familien Matukas frå Litauen, som dreiv kiosken på Varmestova sist vinter, har teke på seg så mykje anna arbeid at dei måtte takke nei til ein ny vintersesong på Harpefossen. Haugen IL og Stårheim IL, som eig Varmestova, såg med svært liten entusiasme fram til at dei kanskje måtte organisere drifta ved hjelp av dugnadslister, men heldigvis dukka ei anna og betre løysing opp. Rita Nyland har gjort avtale med idrettslaga om å stå for drifta denne vinteren, og som vi ser på biletet er ho i full gong med å setje sit preg på lokala.
Rita er ei driftig og initiativrik dame, opprinnelig frå Breim, men har stifta familie på Eid, og er lukkelig eigar av ei hytte i Harpefossen hyttefelt. Ho vil nok snart også setje sitt preg på drifta av huset. Kafeen vil bli open når heisane er opne, og der vil du finne det meste av det du ventar deg på ein slik stad, med fokus på sunn og god mat. Ho tenkjer også å ha ope ein del på kveldstid i helgane, eit tilbod som blir stadig meir etterspurt, i takt med det aukande talet på hytter og campingvogner i området. Det er meininga å søkje permanent skjenkeløyve til dette formålet.
Harpefossen og Varmestova er også ein glimrande plass for møter, kurs og festlige lag, og dette er ein marknad Rita vil satse sterkt på i tida framover. Fyrste gruppa er allereie booka inn i slutten av neste månad.
Vi ynskjer Rita lukke til med drifta av huset, og reknar med at både lokalbefolkning og tilreisande vil vite å nytte seg av tilboda som no kjem.
|