|
Terrengsykling søndag 12.00 -15.00 |
|
torsdag 01. oktober 2009 |

Etter ein forsiktig start søndag 27. september inviterar vi også denne søndagen, og søndagane framover, barn og vaksne til å prøve den nye sykkelløypa vår. Taubanetilsynet har vore på plass og godkjent opplegget med transport av syklistar i heisen, og vi har fått på plass eit antall fulldempa terrengsyklar, som er svært morosame å sykle på, og som vi lånar bort gratis no i prøveperioden. Vi tek heller ikkje betaling for bruk av heisen.
Du kan sjølvsagt også bruke din eigen terrengsykkel.
Husk å ta med hjelm og eventuelt anna sikkerhetsutstyr, om du har slikt. (kne- og albubeskyttar, ryggplate o.l)
Sjå fleire bilete...
|