|
Dugnad kvar laurdag framover |
|
tirsdag 22. september 2009 |

Vi er godt i gong med dugnadsesongen, og kjem til å halde fram kvar laurdag frå klokka 10.00 i vekene framover. Hittil i haust har vi fått laga til sykkleløype i skileikområdet, vi har utvida Fosseholtløypa, rydda trase på Furuhågane, reparert trakkemaskin, plukka stein i skileikområdet og hovedtraseen, skoga i heistraseane, måla garasjen, billettbua og trekkstasjonen, samt skoga langs vegen mot elva og Harpefossen. Det siste var rett og slett for å synliggjøre merkenavnet vårt, dvs. merkevarebygging.
Framover skal vi ferdigstille gapahuken, brenne kvist, montere krane på vassledning til snøproduksjon, grave rør over heistrase for snøproduksjonsslangar, bygge buldrevegg, plukke stein i hovedtraseen, drenere rundt garasjen, grave dreneringsgrøftar i skileikområde, støype fast tavle for turkart, montere infoskilt og montere medbringarar. Mye spanande å vere med på altså...
|