|
Terrengsykling i skileikområdet |
|
tirsdag 18. august 2009 |

Etterkvart som det blir stadig fleire som oppheld seg på Harpefossen sommarstid aukar behovet for aktivitetstilbod også denne årstida. Terrengsykling har vist seg å vere ein populær aktivitet, så no vil vi prøve å etablere eit tilbod i skileikområdet utover hausten. Det er blitt utvikla utstyr som gjer at du enkelt og sikkert kan hekte sykkelen på medbringaren på skiheisen, følgje heisen til topps, og enkelt koble sykkelen fri frå medbringaren.. Vi tenkjer oss å lage ei løype med svingar og hopp som kan vere litt utfordrande og morosam for både små og store.
Med litt planering og grusing i heistraseen og forholdsvis enkle tiltak i nedfarten trur vi dette kan bli bra!
Vi arbeider no for å få tak i eit antal påkoplingstropper for salg eller utleige, med tida vil vi nok også ha syklar for utleige, men i fyrste omgang reknar vi med at folk brukar eigne syklar.
|