|
Heisane går kvar dag denne veka |
|
søndag 01. mars 2009 |
|
Alle har ikkje avvikla vinterferien sin enno. Denne veka er det skulane i Bergen og Hordaland sin tur, og vi held heisane opne kvar dag 10.30 - 16.30 heile veka. Vi ventar ikkje den heilt store tilstrøyminga av turistar, men vi har oppmoda skulane i kommunane her omkring til å avvikla skuleskidagar denne veka, og så håpar vi at mange i lokalmiljøet vil nytte fritid og ledige stunder til å prøve skia. Forholda i bakkane er glimrande, og frå onsdag og utover er vermeldingane riktig fine.
|