|
Konglejakt og alpinorientering |
|
fredag 20. februar 2009 |
|
Laurdag 21. februar arrangerar vi konglejakt og alpinorientering:
Konglejakt
Spanande rebusløype for dei under 10 år. Følg kart rundt omkring i løypene omkring barne- og miniheisane, og finn konglepostar. Om du klarar å finne desse i riktig rekkjefylgje, får du eit løysningsord. Dette kan føre fram til fleire små premiar... Pølse og brus til alle som deltar. Påmelding i heisbua, pris kr 50,-. Start frå kl 12:00 og utover. Pølsene er varme ca. kl 13:00.
Alpinorientering
Bli med på ein konkurranse som setter krav til både skiferdighetar og kunnskap. Det er om å gjere å finne postane som er merka av på løypekartet du får utdelt. Postane er fordelt rundt i heile skianlegget og dette er ein glimrande anledning å verte kjend med alle bakkane som finnst. På kvar post må ein både notere bokstavkode og svare riktig på spørsmåla ein finn. Premie trekkest blant deltakarane, samtid som dei som svarar riktig på flest spørsmål vert premiert. Også premie til dei som finn alle postane raskast! Påmelding i heisbua, avgift kr 50,- pr. deltagar.
|