|
Heisane går kvar dag veke 9 og 10 |
|
torsdag 19. februar 2009 |
|
Frå laurdag 21. februar til og med søndag 08. mars vil heisane vere opne kvar dag klokka 10.30 - 16.30. Den fyrste veka har skulane her i fylket og i Møre og Romsdal vinterferie. Veka etterpå er det skulane i Bergen og Hordaland sin tur. Vi håpar at mange av skulane her i fjorden vil velge denne siste veka til skuleskidagar, sidan heisane går i alle fall.
Sjølv om det no er mildt, har vi så bra med snø at vi ikkje er urolige for snøforholda, men vi ynskjer oss mykje fint vintervêr desse vekene.
|