|
torsdag 05. februar 2009 |
|

Fredagskvelden kan du få ei oppleving du kjem til å hugse ei stund. Du kan bli med Rogier van Oorschot på måneskinnstur til fjells.
Møt fram ved billettbua før kloka 20.00, så tek vi heisen til topps og tek ein enkel og rolig tur ut i fjellet. Utstyr kan vere slalåmski, randonne eller telemark. Ta med hovudlykt og litt varmt drikke. Halvveis fyrer vi bål og nyt utsikten og måneskinnet, før vi returnerer til varmestova.
Kjem ikkje månen fram fredag, prøvar vi igjen laurdag klokka 19.00 frå billettbua. Til laurdagen er det viktig at folk melder seg på slik at Rogier veit at nokon/kor mange som møter opp.
Info og påmelding: tel 99404207
eller e-post:
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser, du må slå på Javascript for å kunne se den.
|