|
Byggeklare hyttetomter på Furuhogane |
|
lørdag 31. januar 2009 |
|
Etter at så og seie alle tomtane i Harpefossen Hyttefelt er selde - og mange hytter er tekne i bruk - tilbyr vi no byggeklare tomtar i Furuhogane Hyttefelt. Her fins dei finaste og mest attraktive hyttetomtane i heile fjorden. Opp mot skoggrensa, i eit snøsikkert område, er det planlagt totalt 62 tomtar i eit flott sørvendt område, med open lauvskog og fantastisk utsikt nedover dalen og fjella sørover mot Ålfoten, med lett og fin tilkomstveg og ski inn-ut.
Vår lokale kontaktmann er Reidar Vonheim . Han stiller opp for omvisning i hyttefeltet, og kan bidra med utfyllande informasjon. For tida tilbyr vi no gratis heiskort for alle som kjem på visning. Reidar treffast på telefon 901 53 660.
I fotoalbumet vårt har vi laga eit album frå hyttefeltet på Furuhogane. Her kan du sjå bilete av området og utsikta frå ein del av tomtane. Albumet finn du her...
Les meir om tomtestorleik og prisar i Furuhogane Hyttefelt her
|