|
søndag 18. januar 2009 |

Komande onsdag, 21. januar, startar Harpefossen skiskule opp for denne sesongen. Skiskulen tilby skileik og slalåmtrening for nybyrjarar og vidarekomne barn i alderen 1. - 4. klasse (6-10 år). Det stillast ikkje krav til spesielt skiutstyr, men i skisenteret er det påbod om bruk av hjelm for alle barn.
Onsdagen er ikkje lenger skulefri, men vi håpar at foreldre og barn likevel vil setje av tid til skiskulen.
Vi startar opp klokka 13.00 og held på til ca kl 15.30, med ein pause undervegs. Vi har frammøtestad i varmestova nederst i bakken. Vi ønskjer også dei av foreldra som kan være tilstade på skiskulen hjertelig velkomne, spesielt dei foreldra som har barn som er nybyrjarar.
Les meir om program og påmelding her
|