|
torsdag 15. januar 2009 |
|

Når vi startar opp snøproduksjonen etter ein mildversperiode som vi no har lagt bak oss, kan ein kjenne seg i slekt med Sisofys, du veit han som etter legenda fekk som straff til evig tid å rulle ein stein opp ei bratt fjellside, for å oppleve at steinen heile tida trilla tilbake til utgangspunktet. No rullar vi ikkje steinar opp fjellsidene her på Harpefossen, men vi hentar vatn i Hjalma, som vi pumpar gjennom snøkanonene, for så å oppleve at mildveret smeltar snøen og sender vatnet attende til Hjalma.
Ved nærare ettertanke er kanskje ikkje slektskapet so nært, meir som ein firmenning frå indre Sogn, for Sisofys måtte heile tida tilbake til utgangspunktet, mens vi ser at mykje av kunstsnøen overlevde mildveret, slik at vi fortsatt kan tilby fine forhold i alle traséar og løyper.
Men ein ting har vi fullt ut til felles med Sisofys: Vi gjev aldri opp!
|