|
Velkomen til Hjelmelandsdalen og Harpefossen, staden der du og familien får det triveleg heile året! På Harpefossen kan du byggje draumehytta rett ved det populære skianlegget der du vinterstid finn alle skitilboda du treng.
På sommaren finn du eit mangfald av turmogeligheiter i Hjelmelandsdalen. Ta beina fatt opp over tregrensa, sett deg på sykkelen innover skogsvegane eller kanskje du har mest lyst på ein ridetur?
Den som er glad i å fiske finn seg godt til rette i elva Hjalma, på Svartevatnet eller eit av dei mange kringliggande fjellvatna. Jegerlukka vert komplett på hausten. Då kan du oppleve spaninga ved å gå etter kronhjorten, eller du kan ta vennegjengen med på sosial småviltjakt.
Harpefossen Hyttegrend AS er eit utbyggings- og driftsselskap for hyttetomtar tilknytte skisenteret på Harpefossen.
Selskapet sitt føremål er å legge til rette for hyttebygging i Hjelmelandsdalen, og kunne tilby attraktive, byggeklare hyttetomter.
Hjelmelandsdalen utmarkslag og grunneigarar i Hjelmelandsdalen er i hovudsak aksjonærar i selskapet.
Kontaktinformasjon:
Reidar Vonheim : tlf 901 53 660
e-post:
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser, du må slå på Javascript for å kunne se den.
Ledige tomter:
Her kan du sjå oversikta over ledige og selde tomter, storleik og prisar.
Oversiktskart
Status pr juni 2011.
Det fyrste hyttefeltet, Harpefossen hyttefelt, inneheld 46 tomtar som blei lagt ut for sal i november 2005. Hyttene ligg i feltet som er merka FB3 på biletet under
Pr juni 2011 er alle tomtane selde, utanom tomt nr 36 ( kr 390.400,-) og tomt nr 44 (kr 216.000,-) (pluss omkostningar)
ca 30 hytter er ferdige eller under oppføring i dette feltet.
Tomtekjøparane kjem for det meste frå kystkommunane Herøy, Ulstein, Selje, Vågsøy, Bremanger og Flora, men også Eid og Stryn har kjøparar på lista.
Vi er no i full gang med utbygging av to nye hyttefelt, FB6 Furuhogane og FB7 Naustdalsetra, som ligg aust/nordaust for det fyrste feltet. I desse to felta kan vi tilby til saman ca 100 tomter. Her er tomtane gjennomgåande noko større, og ligg fint til i terrenget med storslagen utsikt.
Pr juni 2011 er vi komne langt med klargjering av dess felta. På Naustdalsetra er dei fyrste hyttene ferdige, her er totalt 14 tomter selde
På Furuhogane er 21 tomter selde. Også her er dei fyrste hyttene ferdige, og der er for tida stor byggjeaktivitet. 10-12 hytter er under oppføring no. Det aller meste av vegar, vatn, avløp og andre installasjonar er på det næraste ferdige.
I fotoalbumet vårt har vi laga fleire album frå hyttefeltet på Furuhogane. Her kan du sjå bilete av området og utsikta frå ein del av tomtane. Albumet finn du her...
Ta gjerne kontakt med Reidar Vonheim : tlf 901 53 660
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser, du må slå på Javascript for å kunne se den.
for meir informasjon eller omvisning i området.
Her er føresegner og utbyggingsplan for desse to hyttefelta:
Føresegner
Utbyggingsplan
Last ned folder om Harpefossen Hyttegrend
|