|
Harpefossen skiskule 2012
Tidspunkt:
På onsdagar i perioden 18. januar - 15. februar vil Harpefossen Skiskule tilby skileik og slalåmtrening for nybyrjarar og vidarekomne barn i alderen 6-10 år.
Fyrste skuledag blir onsdag 18. januar 2012.
Vi startar opp klokka 13.00 og held på til ca kl 15.30, med ein pause i varmestova undervegs. Kiosken vil vere open med ein enkel meny, men det er sjølvsagt høve til å ta med mat og drikke.
Frammøte
Vi har møtestad med registrering av frammøte og utdeling av startnummer i varmestova nederst i bakken. Ver gjerne tidleg ute, særlig om du skal leige skiutstyr.
Vi vil være tilstade i området frem til kl. 16.00, slik at henting kan skje frem til då ( vi reiser ikkje frå området før alle born er henta). Foreldre som kan være tilstades på skiskulen er hjertelig velkomne, spesielt dei som har barn som er nybyrjarar.
Utstyr:
Det stillast ikkje krav til spesielt skiutstyr, men i skisenteret er det påbod om bruk av hjelm for alle barn. Vi har eit utval av ski til utleige i skiutleiga. Hjelm kan lånast gratis.
Måla er:
* Å gje barna skiglede ved å meistre grunnleggjande alpin skiteknikk i et sosialt godt miljø
* Balanse og støtte for kroppen (kroppsstilling på ski),
* Plogsving, skrenssving, stopp, og ikkje minst å lære seg å bruke barneheisen på skileikområdet.
* Vidare vil det øvast på portkøyring, hopp og ”kuleløype”.
* Det blir lagt vekt på læring innanfor ei ramme av leik og lyst.
NB ! Vér- og føreforbehold. Vår erfaring er at somme av og til gløymer å ta med seg vottar/hanskar på skiskulen.
Derfor ei påminning: Hanskar/ vottar må medbringast.
Kursdagar
| Onsdag |
18.01.2012 |
Registrering i varmestova frå kl. 12.30
Mål – klare å ta trekket på skileikområdet sjølv og plogsving (nybegynnarar), svingteknikk og portkjøring (vidarekomne) |
| Onsdag |
25.01.2012 |
Mål – stå på ski ned bakken på egen hand (nybegynnarar), svingteknikk og løypekjøring (vidarekomne) |
| Onsdag |
01.02.2012 |
Mål – meistre plogsving (nybegynnarar) løypekjøring, kular og hopp |
| Onsdag |
08.02.2012 |
Mål – boltre seg i bakken, med kuler, hopp og løyper (vinterferien) |
| Onsdag |
15.02.2012 |
Mål – avsluttande skiskule, løypekjøring – grilling i bakken |
Skulepengar: kr 600,- (inkl. heis og grillmat) betalast kontant ved registrering eller på nettbank til
kontonr 3705 10 65426 (merk innbetalinga med navn på skiskuledeltakar).
Registreringsskjema fylles ut på førehand og leverast i varmestova ved frammøte.
Skjema kan du kan du laste ned her...
Spørsmål eller kommentarar sendast:
Harpefossen skiskule v/Jarle Tor Åsebø.
e-post:
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser, du må slå på Javascript for å kunne se den.
tlf 41 33 57 86
|