|
Framleis uroleg vinterver |
|
fredag 19. desember 2008 |
Vi har hatt nokre dagar med svært uroleg verforhold, og det ser ut til at dette vil vare også nokre dagar til. Det har minka på natursnøen, og det er for vått og for lite snø til å køyre med trakkemaskiner oppover i nedfartane, så vi kjem til halde fjellheisane stengde til vi får meir snø og lavare temperaturar.
Miniheisane og familieheisen er opne i kveld 17.30 -20.30 og laurdag og søndag 10.30 - 16.00 .
Vi reknar med at alle heisar vi vere i drift 11.00 - 15.00 kvar dag i jula frå måndag den 22. til og med søndag 04. januar. Julaftan held vi stengt.
Det blir preparert i turløypa til Brekka no i helga, men lysløypa blir ikkje preparert mens det er så vått og så lite snø.
|