Føremelding søndagsøndag 05. februar 2012I dag kan vi melde om lette snøbyer, 3-4 minusgrader og nokre få cm nysnø. Alle heisar i drift og alle nedfartar og løyper er nypreparerte. Fine forhold og fint skiføre, men ein del vind og dårlig sikt oppe i fjellet, så det er ikkje køyrt løype bakover i fjellet i dag. Fellestart skiskyting på skiskyttarstadion.
-->
Hyttebygging skjer på forskjellige måtar
mandag 20. oktober 2008
I hyttefeltet har vi sett mange ulike måtar å realisere hyttedraumen sin på. Somme ynskjer å gjere alt arbeidet sjølve og brukar lang tid på bygginga, mens andre kjøper nøkkelferdige prosjekt der det berre er for eigarane å flytte inn møblar og bagasje.
I dag såg vi ein litt meir uvanleg form for hyttebygging, der hytta kom på plass i løpet av nokre timar, ved hjelp av lastebilar og store mobilkraner. Det var hytta som i mange år gjorde teneste som sentral for taxinæringa på Nordfjordeid, som blei flytta til ei ny tomt og eit nytt liv på Harpefossen. Det var knytta litt spaning til transporten av den 10 tonn tunge og sju meter breie hytta langs dei smale vegane opp gjennom Sevlandsbakkane, og over Espebrua, men hytta kom heil og uskadd fram til den nya tomta ut på ettermiddagen i dag.
Sjå fleire bilete her....