|
fredag 18. juli 2008 |
|

Takstolar kjem på plass på ei ny hytte 18. juli.
Det sommar på Harpefossen. I bakkar og løyper er det storfe og sauer som rår grunnen, og hjelper oss med å bremse attgroinga, som er eit problem i dei fleste skianlegg.
Sjølv om det er sommar er det stor aktivitet i området. Mange hytter er tekne i bruk og blir flittig brukt på sommarstid, og stadig fleire hytter reiser seg i Harpefossen hyttefelt. Arbeidet med opparbeiding av dei nye felta på Furuhogane og Naustdalsetra er i full gang, og styret for skisenteret jobbar med planer og tiltak for neste skisesong. Snøproduksjonsanlegget og billettsystemet skal utvidast og forbetrast, og vi skal skifte wire på ein av fjellheisane og eit av minitrekka før sesongstart.
|